viking som står framføre bubil
Foto: Anunatak
8.7.2025

"The modern viking" møter campingturistane!

I ei tid der campingturismen er i stor vekst har NDBR gått i gong med ulike tiltak som styrkjer reisemåla sitt arbeid med å takle denne utviklinga.

Innovasjon Norge si turistundersøking frå 2024 viser at heile 1/5 internasjonale turistar i Noreg er ein campingturist. På tvers av landet ser ein at denne auka er med på å skape utfordringar for fleire og fleire reisemål - samtidig som det også skaper moglegheiter for lokalt næringsliv og lokalsamfunn. Trass i at reisemåla står i møte med ulike problemstillingar, ser ein at felles tiltak og samla kommunikasjon på tvers av reisemåla styrkjer arbeidet til kvar enkelt - og ein har difor sidan 2024 sett ned ei arbeidsgruppe som arbeider med felles tiltak og initiativ.

Campingvettreglane 2025

NDBR støttar opp om det landsdekkande initiativet "Campingvettreglane" der ei rekke aktørar har samla seg om felles prinsipp som skal bidra til at gjesten tek val som gir betre gjesteopplevingar, støtter opp om lokal verdiskaping og samtidig minimerer påverknaden på natur og miljø.

"The modern viking" - informasjonskampanje

Reisemåla har til sommaren 2025 utvikla ein felles informasjonskampanje "The modern viking", der målet der ein med eit humoristisk blikk ønskjer å vise gjesten korleis ein skapar best mogleg opplevingar under eit campingopphald i Noreg. Kampanjen er utvikla av Anunatak, og er open for alle partnarar bak Campingvettreglane 2025 og reisemåla å nytte fritt.

CampingForum

Våren 2025 starta NDBR opp ei felles seminarrekke for campingnæringa med tema "bli synleg på nett" og "bli bookbar". Her samla ein campingbedrifter på tvers av landet får å få oppdatert kunnskap rundt felles tema, samt å hente inspirasjon og gode døme frå campingplassar som er leiande på denne utviklinga.

Campingkonferansen 2025

NDBR er med som partnar under den årlege campingkonferansen, som blir arrangert hjå Virke i Oslo den 3. september. Årets tema er "Fra pest og plage - til en fantastisk mulighet for kommunen og næringslivet". Les meir og meld deg på årets konferanse her.

Innspel til vårt arbeid? Ta gjerne kontakt!

Fleire aktueltsaker

Innspel til FoI-strategien 2023
Nettverket NDBR sendte inn eit felles innspel til til «Reiseliv2030»: Den nye forsking- og innovasjonsstrategien i oktober 2023.
Foto: Regjeringen
Innspel til NOU 23:10
Nettverket NDBR sendte inn eit felles høyringsinnspel til NOU23:10 "Leve og oppleve – reisemål for en berekraftig fremtid" i juni 2023.
Framsidebilde til NOU23:10
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.