Den heilskaplege og samordna kommunikasjonen og promoteringa av våre lokalsamfunn er viktig for å skape bygder og byar over heile landet som er gode for gjester, fastbuande og framtida. Dette ved at ein mellom anna bygger opp om auka lokal verdiskaping, styrkjer lokalsamfunnet sitt særpreg og bidreg til ansvarleg ferdsel. Når alle talar med ei stemme forsterkar me denne bodskapen.
KommunikasjonsLøftet er ei felles nasjonal retning for korleis me kommuniserer norske reisemål og bygger merkevara Norge, der reisemål, bedrifter og andre samarbeidspartnarar som er med å kommuniserer norsk reiseliv er hjarteleg velkomne til å bli med. Implementer føringane i din organisasjon og vis di støtte gjennom å registrere deg nedanfor.
Spørsmål om korleis du løyser dette på ditt reisemål? Ta kontakt med ditt destinasjonsselskap eller reisemålsansvarlege.
Denne rettleiaren gir deg utfyllande retningsliner som byggjer vidare på Kommunikasjonsløftet og dei 9 prinsippa for ansvarleg kommunikasjon.
Les meir ›