Denne rettleiaren gir deg utfyllande retningsliner som byggjer vidare på Kommunikasjonsløftet og dei 9 prinsippa for ansvarleg kommunikasjon.
Rettleiaren er laga for deg som jobbar i ei bedrift eller for eit reisemål og ønskjer å kommunisere på ein god og ansvarleg måte – med tanke på natur, lokalsamfunn og dyreliv.
Retningslinene er delte inn i konkrete tema, som vandring, sykling, fiske, bruk av drone, camping, opplevingar på sjøen og fleire andre. Ikkje alle punkta vil vera relevante i alle situasjonar, men bruk denne lista som ei rettleiar – til inspirasjon, innsikt og verktøy som du kan tilpasse til din verksemd og ditt føremål.
Har du spørsmål eller innspel til punkta? Ta gjerne kontakt med oss – me vil gjerne høyre dine tankar og erfaringar!
Overordna prinsipp
Informer tydeleg og enkelt om det du ØNSKJER at gjesten skal gjere, samt om det du IKKJE ØNSKJER at gjesten skal gjere, overalt der det er relevant.
- Vis og framhev ønska åtferd. Bruk bilete og film som viser ansvarleg, trygg og omsynsfull ferdsel og bruk av naturen.
- Unngå å bruke bilete eller film som viser risikofylt, uansvarleg, uønska eller ulovleg åtferd.
- Gjer informasjonen tydeleg, konkret og lett å forstå, og gje utfyllande informasjon tilpassa utanlandske gjester. Dei kan ha eit anna informasjonsbehov enn dei norske.
- Vis til kjelder og legg til lenkjer for utfyllande reglar og retningsliner.
- Vektlegg tryggleik og sikkerheit. Påpek risikoar og oppmod om å følgje lover, reglar og lokale råd for trygg ferdsel og oppleving. Hjelp gjestene med å ta gode og trygge val. Ver spesielt obs på verna og sårbare område.
- Ta omsyn til menneske og dyreliv. Respekter lokalbefolkninga og kulturen der du ferdast. Vis respekt for dyr- og fugleliv – hald avstand og unngå å forstyrre.
- Kommuniserer du aktivt om allemannsretten, skal du også informere om allemannspliktene.
- Informer godt om, og bruk bilete/film av personar med riktige sko, bekledning og utstyr tilpassa klima, sesong, terreng, aktivitetar og raske vêrskifte – spesielt med tanke på internasjonale turistar.
- Knytt på lokale bedrifter og kommersielle opplevingar når du kommuniserer lokale naturopplevingar, slik at du bidreg til auka lokal verdiskaping og utvikling av lokalsamfunnet.
- Kommuniser aktivt fordelane med bruk av guide og organiserte aktivitetar, og vis dette gjerne i bilete også. Det er god praksis å inkludere guide i eigenproduserte filmar, bilete eller tekst når aktivitetane inneber risiko eller krev omsyn til dyr, natur eller menneske.
- Bruk bilete som viser mangfald, når det gjeld alder, kjønn, legning, hudfarge og funksjonsnedsetjingar.
Sjekk gjerne ut Visit Norway sine besøksvettreglar, som også viser til andre sider med gode praktiske tips.
Vandreopplevingar
- Informer alltid om turens vanskegrad og reell varigheit (lengde, tidsbruk, høgdemeter, terrengtype). Hugs å skrive tilpassa internasjonale turistar, som ofte er vande med meir tilrettelagde stiar og brukar lengre tid på turane. Vis gjerne til tilgjengelege fasilitetar som parkering og toalett, samt relevante kommersielle tilbod som museum, restaurantar, butikkar og andre aktivitetar i nærleiken, som kan bidra til auka lokal verdiskaping.
- Informer tydeleg om lokale forhold, inkludert vêrforhold, parkering/campingavgrensingar og sesongvariasjonar (til dømes snø, is, rasfare, eller våte stiar).
- Bruk bilete som viser god og trygg ferdsel – rett fottøy (ikkje sneakers), sekk, klede tilpassa forholda (lag-på-lag, vindtett, ull innerst) og trygg avstand til fjellkantar og eksponert terreng.
- Informer om viktigheita av å bruke lokale guidar der det er relevant, spesielt for krevjande turar eller ukjent terreng.
- Kommuniser sti- og fjellvettreglane og prinsippet om sporløs ferdsel. Gje gjerne lenkjer eller QR-kodar til oppdaterte råd.
- Informer om viktige tryggleiksreglar, som å seie frå kvar du går, ha med kart og kompass (eller GPS), og vite korleis du tilkallar hjelp. Det er mange stader utan mobildekning.
- Påpek at vêret kan skifte raskt, og at ein må vere budd på dette.
- Dersom det finst område der turistar ikkje bør ferdast på grunn av utfordringar med villrein, vern eller slitasje på sti, informer aktivt om dette – gjerne fysisk på staden. Hugs også å halde ditt destinasjonsselskap og Visit Norway oppdaterte.
- Informer om bålforbod store delar av året: Vis kun bilete av bål på tilrettelagde bålplassar. Det er ikkje lov med bål på bart fjell eller svaberg, då dette set varige merke. Kun tørre, daude greiner skal brukast dersom ein skal lage bål på eit lovleg stad – aldri riv friske kvister eller hogg i friske tre.
- Informer om kulturminne: Påpek viktigheita av å respektere kulturminne i naturen, som gamle stølar, vardar, fangstanlegg og historiske stiar. Oppmod til å ikkje flytte på steinar eller bygge nye vardar, og til å gå varleg der slike kulturminne finst. Vis til forbod om å flytte på steinar og bygge konstruksjonar i verneområde og nasjonalparkar – der relevant.
- Informer om kva du skal gjere når du møter ville dyr: Hald avstand og trekk deg unna dersom du møter på dyr som villrein, elg, moskus eller hekkande fuglar. Vis berre bilete som viser omsynsfull åtferd.
Sykkelopplevingar
- Informer tydeleg om kva type sykkeloppleving som vert tilbydd (terrengsykling, downhill, landeveg, stisykling, el-sykkel osv.).
- Oppgi vanskegrad, underlag og reell varigheit på turen (lengde, tidsbruk, stigning, terrengtype).
- Bruk bilete som viser trygg og ansvarleg ferdsel – syklistar med hjelm (merk ulike hjelmar til ulike typar sykling), rett type sykkel og verneutstyr tilpassa forholda og type sykling.
- Informer om viktigheita av å bruke lokale guidar der det er relevant, spesielt for krevjande stiar og utfordrande terreng.
- Stisykling: Ver obs på fare for terrengslitasje. Ikkje vis skrensing, sykling i vått terreng etter mykje nedbør, eller sykling i sårbart terreng. I hovudsak skal ein berre vise stisykling i område som er tilrettelagt for dette eller der dette er eit satsingsområde. Referer til stivettreglane for stisyklister: stivettreglane.no.
- Informer om rett bruk av el-sykkel: Påpek at el-syklar er tunge og kan skade stiar og natur meir enn vanlege syklar, og at det er restriksjonar i fleire nasjonalparkar og verneområde.
- Informer om restriksjonar for sykling i enkelte område – i enkelte nasjonalparkar og verneområde er det forbode å sykle.
- Framhev stader med eige tilbod til syklistar.
Ski
- Vis bilete som viser trygg og ansvarleg ferdsel – bruk av hjelm og anna rett verneutstyr. Hjelm skal alltid brukast i alpinbakkar og under nedkøyring i frikøyring/offpiste, men ikkje nødvendigvis når ein går oppover på topptur.
- Informer alltid om skredfare, utfordrande terreng og raskt skiftande vêrforhold. Inkluder lenkje til varsom.no der det er relevant.
- Informer tydeleg om skilnaden på alpinanlegg, frikøyring og offpiste, og påpek at frikøyring og offpiste er forbundet med skredfare, og at ein må ta nødvendige førebyggjande tiltak.
- Unngå å vise bilete eller film av offpistekøyring og frikøyring i utsette område, som på skavlar, i bratte renner eller nær bratte fjellkantar.
- Oppmod til bruk av lokal guide for frikøyring og toppturar – og informer om at guidar kan gje tryggleik og lokal kunnskap.
- Informer om vern og restriksjonar i nasjonalparkar og sårbare område – og at nokre område ikkje tillèt ferdsel med ski eller snøbrett for å verne natur og dyreliv.
Skøyter og andre opplevingar på isen
- Informer alltid om at ferdsel på is inneber risiko, og at dette berre er for personar med god kunnskap og innsikt i lokale forhold.
- Oppgi minimum istykkje for trygg ferdsel (t.d. 10 cm stålis for enkeltpersonar, 15 cm for mindre grupper). Ver obs på at eigne reglar gjeld for regulerte vassdrag der vasstanden endrar seg raskt.
- Framhev viktigheita av å sjekke lokale forhold og isvarsel, og lenk gjerne til pålitelege kjelder som iskart.no.
- Bruk bilete som viser god og trygg ferdsel – til dømes med ispiggar, kasteline, redningsvest og folk som sjekkar isen. Unngå bilete som kan tolkast som uforsiktig eller risikabel ferdsel. Unngå å vise bilete eller film frå risikoområde, til dømes ved utløp, innløp, straumførande vatn eller område med svak is.
- Informer tydeleg om utstyrsanbefalingar: ispiggar, redningsvest, kasteline – og tydinga av å vere førebudd.
- Kommuniser varsemdsprinsippet – plikt til å opptre aktsamt og ikkje utsetje seg sjølv eller andre for fare.
- Oppmod til bruk av lokal guide når det er relevant, spesielt for turistar som er ukjende med lokale forhold.
- Informer alltid om at forholda kan endre seg raskt, og at det er viktig å vere oppdatert.
Ferdsel i område med beitedyr
- Påpek at hund skal haldast i band i heile bandtvangsperioden, og elles der beitedyr ferdast. Vis til lokale føringar ved utvida bandtvang.
- Vis bilete som viser omsynsfull åtferd, til dømes personar som går med hund i band og held avstand til dyra.
- Informer om viktigheita av å lukke grinder og portar etter seg for å hindre at dyra kjem på avvege.
- Informer om at ein skal halde god avstand til dyra og gå rundt – ikkje gjennom – flokken.
- Informer om at ein ikkje skal mate husdyr som sau, kyr, geiter osv., og unngå fysisk kontakt med dyra. Vis gjerne til kuvettreglane: landbruk24.no.
- Informer gjerne om at beitedyr er ein viktig del av kulturlandskapet, og at gjester bør vise respekt for både dyra og grunneigarane sin næringsverksemd.
- Unngå å bruke bilete eller film som viser personar som klappar eller matar husdyr ute på beitemark, då dette kan føre til uønska åtferd (OK på ein besøksgard).
Bubil og camping
- Unngå å bruke bilete av villcamping/fricamping i aktiv marknadsføring (telt og campervans, bubilar som ikkje står parkert på plass laga for dette, osv.).
- Informer tydeleg om reglane for villcamping der det er relevant, med allemannsretten og ikkje minst allemannspliktene. Fortel kvar ein kan campe, og korleis ein kan minimere spor i naturen og ta med søppel. Informer om viktigheita av å respektere grunneigar og lokale forbodsskilt. Vis gjerne til campingvettreglane på camping.no.
- Bruk bilete som viser ønska åtferd, til dømes telt og bubilar på campingplassar. Oppmod til å bruke tilrettelagde plassar og offentlege campingplassar, og gjerne påpeik fordelar som tilgang til dusj, god plassering, kokemoglegheiter, innandørs fellesområde ved dårleg vêr, m.m.
- Informer om bålforbod store delar av året: Vis kun bilete av bål på tilrettelagde bålplassar. Det er ikkje lov med bål på bart svaberg eller fjell, då dette set varige merke. Kun tørre, daude greiner skal brukast dersom ein skal lage bål på eit lovleg stad – aldri riv friske kvister eller hogg i friske tre.
- Informer om vern og restriksjonar i verneområde og sårbare naturområde, og at camping kan vere forbode, eller uønska, i slike område.
Sjekk ut Visit Norway si side om camping i telt i Noreg her.
Opplevingar ute på sjøen
- Bruk bilete som viser ansvarleg og trygg ferdsel, med tydeleg bruk av redningsvest, rett utstyr og godt sjøvett. Redningsvest skal alltid brukast i liten båt eller kajakk. Det er ikkje nødvendig i større båtar der det ikkje er pålagt. Redningsvest eller fanny pack skal brukast på SUP, kiting osv., sjølv på grunt vatn.
- Informer om sjøvettreglane og reglane for båtførarsertifikat. Bruk gjerne tydelege lenkjer til pålitelege kjelder som forklarer dette.
- Ikkje vis bilete av folk som står nær vasskanten eller ute på ein molo i storm eller ruskevêr, då dette kan føre til at andre vil ta stor risiko for å få like spektakulære bilete.
- Der det er relevant, fortel om mogleg risiko knytt til stor forskjell på høgvatn og lågvatn – påpek at vasstanden kan endre seg raskt og påverke både tryggleik og oppleving.
- Informer om at vêret på sjøen kan endre seg raskt, og at det er viktig å følgje med på vêrvarsel og lokale forhold.
- Ved båtutleige til private: Informer om tryggleikskrav på sjøen, krav til eventuell båtførarprøve, samt moglege farar forbundet med vêr, bølgjehøgd og lokale forhold.
- Informer om at motoriserte farkostar kan vere regulerte i enkelte område, og at ein må ta omsyn til naturen, andre brukarar og lokalbefolkning.
- Informer om bålforbod på svaberg og bart fjell, og at kun tørre, daude greiner skal brukast dersom ein skal lage bål på eit lovleg stad – aldri riv friske kvister eller hogg i friske tre.
Fisking
- Informer tydeleg om kvar og korleis du har lov til å fiske, kor mykje du kan fiske, og kor mykje fisk du eventuelt kan ta med deg ut av landet (utførselskvote). Vis gjerne til reglar for turistfiske på fiskeridir.no.
- Informer om forbodet mot å fiske freda eller raudlista artar, samt reglar for minstemål.
- Informer om krav om fiskekort for fiske i ferskvatn og elvar, og kvar du kan kjøpe fiskekort (gjerne med lenkje).
- Informer også om den nasjonale fiskeavgifta som gjeld for fiske i vassdrag med laks og aure, der det er aktuelt.
- Informer om viktigheita av å desinfisere fiskeutstyr når du fiskar i ulike vatn, for å hindre smittespreiing mellom vassdrag.
- Informer om freda soner for fiske, og om at det kan vere mellombelse restriksjonar for å verne gyteområde og fiskebestandar.
- Informer om vern og restriksjonar i nasjonalparkar og verneområde, og at fiske kan vere forbode eller sterkt regulert i enkelte område.
- Oppmod til bruk av guide der det er aktuelt, og informer om fordelane med lokal kunnskap, betre fiskeoppleving og større fangstmoglegheiter.
- Unngå å vise bilete av fiske i risikofylte situasjonar, eller der fisk vert handsama uforsiktig eller dyreliv vert forstyrra.
- Oppmod til å bruke heile fisken – ikkje berre fileten.
- Ved båtutleige til private: Informer om tryggleikskrav på sjøen, krav til eventuell båtførarprøve, samt moglege farar forbundet med vêr, bølgjehøgd og lokale forhold.
Strandopplevingar
- Informer om viktigheita av å vere merksam på straum, djupne, bølgjer og forholda på stranda, der dette er ei utfordring. Påpek eventuelt at vêr, bølgjer og vasstand kan variere på kort tid.
- Informer om livreddertilgjenge der det finst, og gjerne om kva ein skal gjere i naudstilfelle (til dømes naudnummer og førstehjelp).
- Oppmod til å respektere verneområde. Nokre strender har også restriksjonar når det kjem til sykling, riding, surfing og kiting.
- Informer om at bålforbod gjeld også på strender i sommarhalvåret, og vis kun bilete av bål på tilrettelagde bålplassar.
- Påpek viktigheita av å rydde opp etter seg: Ta med alt avfall heim og etterlat stranda rein og ryddig.
- Unngå å bruke bilete som viser risikofylt åtferd, som hopping frå utrygge klipper eller bading i farlege bølgjer/straumar.
- Unngå bilete av personar som står på freda sanddyner.
- Informer om respekt for dyreliv og fugleliv: Hald avstand til sjøfugl, sel og andre marine dyr. Ikkje forstyrr hekkande fugl eller dyreliv. Respekter bandtvang.
Ville dyr og fuglar
- Bygg opp under generell oppmoding om å ikkje forstyrre dyre- og fuglelivet. Vis gjerne til relevante vettreglar for området, som:
- Oppmod til å alltid gå med guide for å sjå moskus, elg osv, både for eiga tryggleik og for å ta vare på dyrelivet.
- Informer om at ein alltid skal halde avstand og trekkje seg unna når ein møter ville dyr, inkludert villrein, moskus, elg osv.
- Villreinen er spesielt utsett, og lukta av menneske kan vere nok til at trekkmønsteret endrar seg. I pressområde:
- Kommuniser at gjester berre skal følgje merka løyper.
- Hald deg i ro dersom du møter på villrein, slik at dyra får trekkje unna uforstyrra.
- Trekkje unna i ein annan retning og hald deg lågt i terrenget.
- Vis til lokale retningsliner og forbod mot ferdsel i trekkområde for villrein der dette er aktuelt.
- Unngå å bruke bilete eller film som kan tolkast som forstyrrande eller risikofylt åtferd i møte med ville dyr. Ver medviten ved bruk av nærbilete av ville dyr, og vis til at eventuelle nærbilete er tekne med svært gode zoomlinser, der du kan.
- Ved bruk av bilete og framstilling av ville dyr i konseptuelle filmar/kampanjar og fotografi, ver medviten på at ønska og omsynsfull åtferd kjem tydeleg fram i det øvrige kommunikasjonsløpet.
- Informer om at ein skal halde avstand til hekkande fuglar, og vere spesielt varsom ved fuglefjell og naturreservat.
- Informer om at hund skal haldast i band i perioden med bandtvang, og vis gjerne til utvida bandtvang der det er relevant for ditt reisemål.
- Bruk bilete som viser ansvarleg og omsynsfull ferdsel – til dømes folk som ser på dyra på trygg avstand eller følgjer guide i små grupper.
Droneflyging
- Informer godt om gjeldande reglar for droneflyging i Noreg der det er relevant, og legg gjerne ved lenkje til informasjon på visitnorway.no.
- Fortel tydeleg om kvar det ikkje er lov, eller ikkje ønska, å fly drone på spesielle stader på destinasjonen, til dømes i byar, nær kritisk infrastruktur, samt i mange nasjonalparkar og verneområde. Informer om at droneflyging kan forstyrre både dyreliv og andre gjester.
- For produksjon av eige materiale i reiselivsnæringa må droneflygar vere sertifisert og ha gyldig løyve. Det må alltid vere lovleg å fly i området, eller ein må ha fått spesiell tillatelse.
- Bruk bilete og film som viser ansvarleg dronebruk.
Alkoholhaldig drikke
- Bilete og tekst skal alltid følgje det norske reklameforbodet mot alkoholhaldig drikke. Les meir her: helsedirektoratet.no.
- Det er forbode å bruke bilete eller film med alkohol, eller som framstår, eller kan tolkast som reklame for alkohol eller alkoholkonsum.
- Det er forbode å oppmode til å drikke/kjøpe alkohol og gje positiv omtale av alkoholhaldige produkt eller å oppmode til alkoholkonsum.
- Vis heller generelle bilete av opplevingar (til dømes mat, natur, stemning, nærbilete av lokale) – utan at alkohol er synleg eller i fokus.
Barn og unge
- Ver ekstra omsynsfull og tenk grundig gjennom bruk av bilete og film som viser barn.
- Bruk berre bilete og film der både barn og foreldre/foresette har gjeve samtykke, og der det er tydeleg at barnets integritet og personvern vert ivaretatt.
- Ha ein klar avtale om kor lenge rettane til distribusjon av materialet skal vare. Set gjerne ei tidsavgrensing på bruk av innhaldet på eigne flater, eller kor lenge det skal vere tilgjengeleg i for eksempel ei biletbank, til dømes 3–7 år.
- Vel bilete som viser trygge og positive opplevingar, men utan å setje barn i situasjonar som kan vere sårbare eller utlevere dei unødvendig.
Miljøansvar og berekraft
- Oppmod til gjenbruk og redusert bruk av plast og eingongsprodukt: Informer om bruk av gjenbrukbare flasker, koppar og bestikk, og unngå unødvendig plastemballasje.
- Kildesortering og avfallshandtering: Kommuniser tydeleg kvar ein finn søppelkassar og sorteringspunkt, og oppmod til å ta med alt avfall heim dersom slike fasilitetar ikkje finst.
- Unngå forsøpling i naturen: Bruk gjerne bilete som viser folk som ryddar etter seg, og lag tydelege oppmodingar til å etterlate naturen slik ein fann den.
- Oppmod til berekraftige transportval: Bruk av kollektivtransport, sykling eller gange i staden for bil kan redusere utslepp. Kommuniser gode alternativ, som bussar, tog eller samkøyring.
- Informer om el-syklar, el-bilar og ladeinfrastruktur der det er relevant, og vis til korleis gjestene kan reise meir miljøvennleg.
Utvikla av: Innovasjon Norge Reiseliv og reisemåla i NDBR
Sist oppdatert: Juni, 2025