bilde av tittel på pris
Foto: NDBR
18.5.2025

BerekraftsPrisen 2024

Valdres/Beitostølen, Alta og Bergen vann destinasjonane sin eigen berekraftspris for 2024!

Tiltaka i Merkeordninga handlar om dei konkrete effektane ein har i og for sitt eige lokalsamfunn. Kvart år gjennomfører deltakarane i NDBR ei uoffisiell kåring av dei tre beste satsingane innanfor berekraftig utvikling på reisemåla som har blitt gjennomført av på tvers av destinasjonane. Her kan ein løfte opp eigne tiltak, eller tiltak frå andre på reisemålet. For 2024 gjekk følgjande tre av med sigeren:

Visit Beitostølen/Visit Valdres med: Inklu Valdres

Valdres, med Beitostølen i spissen, ønskjer å ta ein posisjon som nasjonal pilot for eit meir inkluderande og tilgjengeleg reiseliv. Satsinga har fått namnet INKLU Valdres. Gjennom prosjektet skal det arbeidast med å utvikle nye standardar og verktøy innan tilgjengeleg reiseliv samt framheva verdien av tilgjengelegheit og tilrettelegging for alle som eit strategisk konkurransefortrinn. Ei pilotgruppe på 9 aktørar er no valt ut for kartlegging, testing og vidareutvikling av tiltak. Det skal òg etablerast ei referansegruppe for å sikra brei involvering og kvalitetssikring. Styringsgruppa består av Øystre Slidre kommune, Beitostølen Helsesportsenter, Valdres Natur- og Kulturpark og Beitostølen Utvikling. Elisa Sevilla Ulfsted er prosjektleiar. Prosjektet er finansiert av Øystre Slidre kommune og Innlandet fylkeskommune.

Visit Alta med: Approved by

"Approved by Visit Alta" er eit merke som viser at verksemder forpliktar seg til å levera berekraftige og høgkvalitetsprodukt og -tenester, samstundes som dei respekterer naturen og kulturen i Alta. Å velja bedrifter som er "Approved by Visit Alta" betyr å støtta lokale aktørar som samarbeider for å sikra ansvarleg utvikling og støttar opp om merkevara "This is Arctic Living". "Approved by Visit Alta" sikrar at bedrifter følgjer etiske retningslinjer, bidreg til miljøvennlege løysingar, og opprettheld ein sterk forplikting til Altas verdiar: Samla. Truverdig. Kvalitetsbevisst.

Visit Bergen med: Verdas lengste sykkeltunnel

Gjennom å utvida ein rømingstunnel, som uansett skulle byggjast til Bybanen linje 2, til å dimensjonerast for sykkel og gange, har ein skapt ein heilt ny korridor for mjuk mobilitet frå ein av bydelane i Bergen og til sentrum. Fyllingsdaltunnelen, som er verdas lengste i sitt slag, har vorte eit svært populært tilskot for byens innbyggjarar, som no kan sykla og springa tørt under fjellet Løvstakken heile året og uansett vêr. Den internasjonale interessa for sykkel- og gangtunnelen er òg stor, og tunnelen tiltrekkjer besøkjande frå heile verda. Mange er imponerte over at det er bygd ein nesten 3 km lang tunnel berre for gåande og syklande. Sidan tunnelen òg ligg litt utanfor sentrum, kan ein sykkeltur til Fyllingsdaltunnelen òg vera eit positivt bidrag til besøksutjamning.

Inspirert av tiltaka? Ta gjerne kontakt med reisemåla for meir informasjon!

Fleire aktueltsaker

Innspel til FoI-strategien 2023
Nettverket NDBR sendte inn eit felles innspel til til «Reiseliv2030»: Den nye forsking- og innovasjonsstrategien i oktober 2023.
Foto: Regjeringen
Innspel til NOU 23:10
Nettverket NDBR sendte inn eit felles høyringsinnspel til NOU23:10 "Leve og oppleve – reisemål for en berekraftig fremtid" i juni 2023.
Framsidebilde til NOU23:10
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.