Bilde av notatblokk over verdskart
Foto: EDIH Oceanopolis/ChatGPT
21.8.2025

Digital Launch: Norwegian Travel Hub – Lønnsam bruk av AI i norske destinasjonsselskap

Korleis kan destinasjonsselskap kan bli datadrivne og bruke AI? Velkommen til haustens seminarserie!

2. september  – 28. oktober

Denne seminarserien på 4 delar er ein del av ei satsing som EDIH Oceanopolis og det nasjonale reisleivsnettverket NDBR har gått saman om for å løfte kunnskapen og konkurransekrafta til norske reisemål gjennom eit felles kompetanse- og utviklingsløp. Dei digitale seminara er opne for alle organisasjonar som har ei rolle som destinasjonsselskap i Noreg.

Kven: Målgruppa for dette kurset er tilsette i destinasjonsselskap og tilsvarande.

Når: Fire digitale samlingar i perioden 2. september – 28. oktober 2025

Kva: Korleis kan digitalisering og kunstig intelligens gje betre tenester, smartare drift og nye inntektsmoglegheiter for norske destinasjonsselskap? Gjennom fire samlingar får du kunnskap, innsikt i digitale verktøy og konkrete case – frå moglegheit til implementering.

Læringsutbyte: Innsikt i korleis destinasjonsselskap kan bli datadrivne og bruke AI – kunstig intelligens – for betre tenester og gjesterelasjonar, innsikt og analyse, vekst og auka produktivitet, berekraftig drift og ressursutnytting, og ikkje minst gje økonomiske gevinstar.

Påmelding: påmelding via Checkin. Deltakarar får tilsendt lenkje til den aktuelle samlinga i forkant av kvar samling.

Digital Launch blir tilbydd med 100% rabatt for både SMB, offentleg sektor og Midcaps. Ta kontakt for meir informasjon.

Samling 1: Lønnsam bruk av AI og digitalisering i norske destinasjonsselskap: Moglegheiter for gevinstrealisering

Tidspunkt: 2. september kl. 10:15 – 11:45

Første samling er ei innføring til temaet og viktigheita av digital innovasjon i ei verd som er i stadig endring. Det blir sett fokus på korleis destinasjonsselskapa kan bli datadrivne og bruke data og AI for betre innsikt, korleis framtidige reisande og opplevingssøkjarar finn informasjon og bestiller, og korleis ein sikrar at innhaldet og profilen til reisemålet faktisk når fram når AI styrer marknadsføring, sal og booking.

Korleis kan destinasjonsselskapa konkurrere i ei tid der dei internasjonale AI-selskapa tek større og større eigarskap til informasjon, kundar og sal?

Samling 2: Djuptdykk & Identifisering: Verdien i data

Tidspunkt: 16. september 2025 kl. 09:00 – 10:00

Samlinga fokuserer på korleis reisemåla sine data kan omformast til verdifulle ressursar, og korleis dette gjer effektiv bruk av kunstig intelligens mogleg. Me deler innsikt i korleis riktig innsamling, analyse og forvaltning av interne og eksterne data kan gje betre forståing, styrke avgjerdsgrunnlaget, auke effektiviteten, forbetre produkt og tenester, samt styrke relasjonane til gjester og omverda.

Me vil sjå nærare på sektorspesifikke dataressursar og kva skjulte moglegheiter som ligg i desse dataa. Samlinga vil òg gje praktisk innsikt i korleis destinasjonsselskap kan utvikle datadrivne strategiar og ta datadrivne avgjerder.

I tillegg vil me presentere verktøya som trengst for å hente ut verdien av data, inkludert verdien av digitale tvillingar og vurderingar rundt når og korleis verksemda bør ta i bruk kunstig intelligens.

Samling 3: Case-utvikling i praksis

Tidspunkt: 14. oktober 2025 kl. 09:00 – 10:00

Med moglegheitene identifiserte og forståing av data si betyding for vellukka digitalisering, vil den tredje samlinga gå i djupna på korleis ein praktisk definerer og utviklar ei digitaliseringsmoglegheit frå idé til konkret og realiserbart digitaliseringsprosjekt tilpassa ressursane i organisasjonen.

Samlinga vil trekkje konturane av kva desse innovative casene bør innehalde som levedyktige tenester, moglegheiter for heilskaplege plattformer, kva verdi og effektar dei vil skape for kven, og ikkje minst kva data dei vil krevje. Illustrative døme blir trekt fram rundt reisemål som vil utvikle eigne AI-agentar og datadrivne innsiktsplattformer.

Samling 4: Frå plan til implementering

Tidspunkt: 28. oktober 2025 kl. 09:00 – 10:00

Samlinga vil fokusere på kva som krevst og korleis realisere ei minimumsteneste, som kan danne grunnlaget for vidare oppskalering og kopiering på andre område. Arbeidet vil vurdere suksessfaktorane for å ta det første steget i dei praktiske endringane som må til for å utnytte kunstig intelligens. Metodar for stegvis utvikling og innovasjon blir sett i sentrum for å oppnå eit tydeleg mål for verksemda gjennom ein effektiv kombinasjon av ressursar; leiing og kompetanse, arbeidsprosessar, organisasjon, teknologi og data innan ramma av gjeldande etiske retningslinjer, lovgiving og tryggleik.

Spørsmål om satsinga? Ta gjerne kontakt med oss!

  • Erling Løfsnes, prosjektleiar KI og ny teknologi, NDBR & dagleg leiar, Visit Lindesnes
    📧 erling@visitlindesnes.no / 📞 916 83 575
  • Stig Marthinsen, dagleg leiar i DIH Oceanopolis og prosjektleiar for EDIH Oceanopolis
    📧 stig@dihoceanopolis.com / 📞 400 74 750

LENKE TIL PÅMELDING TIL DIGITAL SAMLING FOR DESTINASJONSSELSKAPA

Fleire aktueltsaker

Utspel SSB: endring i gjestedøgn- og sysselsettingstal
Nettverk NDBR sendte eit felles innspel til SSB i februar 2024 påfølgjande endring i rapportering på gjestedøgn og sysselsettingstal på kommune-nivå.
Foto: SSB
Innspel til FoI-strategien 2023
Nettverket NDBR sendte inn eit felles innspel til til «Reiseliv2030»: Den nye forsking- og innovasjonsstrategien i oktober 2023.
Foto: Regjeringen
Innspel til NOU 23:10
Nettverket NDBR sendte inn eit felles høyringsinnspel til NOU23:10 "Leve og oppleve – reisemål for en berekraftig fremtid" i juni 2023.
Framsidebilde til NOU23:10
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.