2.6.2025

KommunikasjonsLøftet I Ansvarleg kommunikasjon i praksis (webinar)

Bli med på webinar torsdag 12. juni kl 10:00-11:00 for ei praktisk innføring i hovedpunkta i plattformen, og korleis du kan bruke den i ditt arbeid.

I ei tid med aukande press og utsikter til stor vekst i besøkjande til norske reisemål er ansvarleg kommunikasjon i reiselivet viktigare enn nokon gong. Korleis kommunisere slik at ein aukar lokal verdiskaping per gjest, bidreg til ansvarleg ferdsel og styrker lokalsamfunna?

Reisemåla i NDBR har i samarbeid med Innovasjon Norge utvikla KommunikasjonsLøftet- ein felles retning for korleis me kommuniserer norske reisemål og bygger merkevara Noreg.

Bli med på webinar for å få ei praktisk innføring i hovedpunkta i plattformen, og korleis du kan bruke den i ditt arbeid. Kommuniserer du norske reisemål gjennom ditt arbeid? Signer KommunikasjonsLøftet her.

Program

  • 10:00-10:10: Korleis vera ein del av løysinga, og ikkje problemet?
        Aase Marthe Horrigmo, direktør for reiseliv, Innovasjon Norge.
  • 10:10-10:20: Pass på at berekraft ikkje berre skjer i kommunikasjonsavdelinga.
        Audun Pettersen, avdelingsleiar for reiselivsutvikling, Innovasjon Norge.
  • 10:20-10:30: KommunikasjonsLøftet: Eit felles løfte og løft for korleis me kommuniserer norske reisemål – eit arbeid i stadig utvikling.
        Anita Svendheim, prosjektleiar for NDBR
  • 10:30-45: Ansvarleg marknadsføring i praksis
        Eirik Berge, CCO, Visit Bergen & Moa Maria Kero, ansvarleg utvikling og samfunnskontakt, Visit Svalbard
  • 10:45-10:55: Korleis bruke KommunikasjonsLøftet i ditt arbeid på web.
        Christine Baglo, Editor in Chief, Visit Norway

Påmelding

Kven er webinaret for? Webinaret er for alle som kommuniserer norske reisemål i sitt arbeid, som destinasjonsselskap, landsdelsselskap, bedrift eller andre.

Du melder deg på ved å registrere deg på denne lenka.

Webinaret er gratis og ope for alle.

Fleire aktueltsaker

Innspel til FoI-strategien 2023
Nettverket NDBR sendte inn eit felles innspel til til «Reiseliv2030»: Den nye forsking- og innovasjonsstrategien i oktober 2023.
Foto: Regjeringen
Innspel til NOU 23:10
Nettverket NDBR sendte inn eit felles høyringsinnspel til NOU23:10 "Leve og oppleve – reisemål for en berekraftig fremtid" i juni 2023.
Framsidebilde til NOU23:10
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.