bilde av megafon
12.6.2025

NDBR og Innovasjon Norge lanserer KommunikasjonsLøftet

I dag lanserte NDBR og Innovasjon Norge Reiseliv det nye KommunikasjonsLøftet – ein felles nasjonal retning for ansvarleg kommunikasjon i reiselivet.

KommunikasjonsLøftet har som ambisjon å samle og styrkje arbeidet med å fremje Noreg som eit reisemål på ein måte som er i tråd med berekraftsprinsipp og lokalsamfunna sine behov. Gjennom ni  prinsipp gir løftet praktisk rettleiing for korleis reisemål og reiselivsaktørar kan promotere sine tilbod på ein måte som:

  • skapar gode og meiningsfulle gjesteopplevingar,
  • styrkjer lokalt næringsliv og identitet,
  • vernar om natur, kultur og menneske,
  • og bidreg til ansvarleg ferdsel i heile landet.

Dette initiativet byggjer vidare på mange år med målretta arbeid frå Visit Norway, reisemål og bedrifter i heile landet, for å maksimere reiselivet sine positive ringverknadar – og samtidig redusere dei negative. Med KommunikasjonsLøftet samlar ein no dette arbeidet i ei tydeleg, felles nasjonal verktøykasse og retning, både for nasjonale og internasjonale aktørar og samarbeidspartnarar i reiselivet.

KommunikasjonsLøftet er ikkje eit endepunkt – det er eit startskot for vidare samhandling og utvikling. Det handlar om å ta ansvar, vere bevisst, og løfte i lag for at reiselivet skal halde fram med å vera ein positiv drivar for gode bygder og byar over heile Noreg.

Signer og les meir

Er du ein del av reiselivsnæringa og ønskjer å bidra til ansvarleg kommunikasjon? Du kan lese meir om dei ni prinsippa og signere KommunikasjonsLøftet på vegne av di bedrift eller organisasjon her: Signer KommunikasjonsLøftet

Ved å signere viser du di støtte til ei felles retning for ansvarleg marknadsføring og kommunikasjon i reiselivet.

Fleire aktueltsaker

Innspel til FoI-strategien 2023
Nettverket NDBR sendte inn eit felles innspel til til «Reiseliv2030»: Den nye forsking- og innovasjonsstrategien i oktober 2023.
Foto: Regjeringen
Innspel til NOU 23:10
Nettverket NDBR sendte inn eit felles høyringsinnspel til NOU23:10 "Leve og oppleve – reisemål for en berekraftig fremtid" i juni 2023.
Framsidebilde til NOU23:10
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.