notatblokk på toppen av verdskart
Foto: EDIH
8.7.2025

Norsk reiseliv i møte med KI

Denne hausten startar reisemåla i NDBR og EDIH Oceanopolis opp eit felles utviklingsløp for å rigge norsk reiseliv mot KI og ny teknologi.

Reiselivet står – som mange andre næringar – midt i ein grunnleggjande teknologisk disrupsjon. Med framveksten av kunstig intelligens og lansering av modellar som ChatGPT,DeepSeek og Operator, blir det stadig meir tydeleg at kundane sine reiseval og bookingar skjer direkte i kanalane til globale teknologiselskap, utan at reisemåla eller bedriftene eig dialogen med eller dataen til eigne gjester.

Samla inneber dette eit alvorleg skifte der marknadsmakt og kundedata glir vekk frå dei lokale aktørane, synlegheit og verdiskaping flyttast frå destinasjonen til plattformen og evna til å styre utviklinga i ei berekraftig retning – i tråd med lokale mål og behov – vert svekka. I 2025 har difor reisemåla i NDBR samla seg for eit felles kompetanseheving- og utviklingsløp, saman med EDIH Oceanopolis, der ein i fellesskap vil sjå på følgjande problemstillingar:

  • Korleis kan reisemåla og bedriftene ta tilbake kontroll over distribusjonen av sine produkt, i ei tid der KI står for stadig større del av kundereisa?
  • Korleis sikrar vi eigarskap til informasjon, data og kundeinnsikt – og brukar dette som konkurransefortrinn?
  • Korleis kan ny teknologi nyttast til å tilby betre tenester, styrkja kundeopplevinga og effektivisere drift – i samråd med prinsipp for ei berekraftig utvikling?
  • Korleis kan vi sikre at utvikling og bruk av KI skjer på ein måte som støttar opp om etiske prinsipp og berekraft?

Utviklingsløpet består av tre fasar, der fase 1 vil bli gjennomført i perioden september-november 2025. Totalt 20 reisemål er med på satsinga.

Interessert i å vite meir? Ta gjerne kontakt med oss!

Fleire aktueltsaker

Innspel til FoI-strategien 2023
Nettverket NDBR sendte inn eit felles innspel til til «Reiseliv2030»: Den nye forsking- og innovasjonsstrategien i oktober 2023.
Foto: Regjeringen
Innspel til NOU 23:10
Nettverket NDBR sendte inn eit felles høyringsinnspel til NOU23:10 "Leve og oppleve – reisemål for en berekraftig fremtid" i juni 2023.
Framsidebilde til NOU23:10
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.