Bilde av folk framfore pressevegg
Foto: Privat
29.10.2025

Norwegian Travel Cluster blir del av Noregs klyngeprogram

Reisemåla i NDBR sitt samarbeid blei i førre veke tatt opp som landet si einaste reiselivsklynge, under namnet Norwegian Travel Cluster.

Frå Svalbard til Lindesnes står reiselivet samla: 50 destinasjonar som til saman representerer over 150 kommunar og 5000 medlemsbedrifter er no del av den nye Norwegian Travel Cluster (NTC) – som offisielt har blitt tatt opp i Norwegian Innovation Clusters.

Frå lokale løysingar til nasjonale eksportfortinn

Reiselivet i Noreg er bygd nedanfrå og opp– av reisemål, bedrifter, lokalsamfunn og kommunar som kjenner sine eigne bygder og byar. Norwegian Travel Cluster tek utgangspunkt i denne lokale kunnskapen og løftar ho inn i ein felles nasjonal arena for samarbeid og kunnskapsdeling som styrkjer arbeidet lokalt – samstundes som ein bygger samla nasjonal konkurransekraft og styrkjer Noreg sin posisjon som ei leiande reiselivsnasjon internasjonalt.

Dette er eit gjennombrot for norsk reiseliv. For første gong har næringa samla seg på tvers av landet – i ei klynge som er for og av det lokale reiselivet sjølv. Ved å lære av dei beste satsingane frå heile landet, knyte dei saman og utvikle i fellesskap, kan vi bli først med løysingane for framtidas reiseliv, seier Anita Svendheim, klyngeleiar for Norwegian Travel Cluster.

Ein nasjonal arena for heilskapleg reisemålsutvikling

Merkeordninga Berekraftig Reisemål, som er drifta av Innovasjon Noreg, er fundamentet i Norwegian Travel Cluster. Ordninga fungerer som eit samlande styringsverktøy for lokale reiselivsaktørar, og forpliktar reisemåla til å arbeide systematisk med utvikling i eit lokalsamfunnsperspektiv – der næringsutvikling, marknadsarbeid og samfunnsutvikling møtest i praksis.

Merkeordninga gir reisemåla eit felles rammeverk for samarbeid på tvers av landet og legg grunnlaget for eit felles nasjonalt utviklingsarbeid, forankra i lokale behov, erfaringar og kunnskap.

– Samarbeidet vårt byggjer på prinsippet om at det som best kan løysast lokalt, skal løysast lokalt – men det vi best kan løyse i fellesskap, skal vi løyse i fellesskap. Sjølv om reisemåla våre er ulike – frå fjell til fjord, by til bygd – står vi i møte med mange av dei same store utfordringane og moglegheitene. Skal vi nå måla for reiselivet, både som ei av Noregs viktigaste eksportnæringar og som ein nøkkelfaktor for levande lokalsamfunn, må me løyse dette saman, seier Erling Løfsnes, dagleg leiar i Visit Lindesnes.

Ei næring samla forframtida

Reiselivet er Noregs femte største eksportnæring, men også ei avgjerande næring for å skape levande bygder og attraktive byar. Næringa bidreg til arbeidsplassar, verdiskaping, skatteinntekter og sosiale møteplassar som kjem lokalbefolkninga til gode. Samtidig står fleire reisemål overfor utfordringar, med press på lokalsamfunn og natur i enkelte område og sesongar.

- Reiselivsnæringa er prega av at den ikkje har blitt satsa på like strategisk som andre eksportsatsingar, med låg lønnsemd, foredlingsgrad og marknadsandel. Reisemåla kjenner lokalt på utfordringane og moglegheitene næringa står i møte med kvar einaste dag, og det å løfte denne kunnskapen er det beste føresetnaden me har for å sikre at me saman når lokale, regionale og nasjonale mål for reiselivet, seier Line Renate Samuelsen, reiselivssjef i Destinasjon Lofoten.

Fakta om Norwegian Travel Cluster

  • 50 destinasjonar frå Svalbard til Lindesnes, som dekker 150 kommunar og 5000 medlemsbedrifter
  • Alle reisemåla er forplikta til Merkeordninga Berekraftig Reisemål, drifta av Innovasjon Norge
  • Klyngen blir leia av Næringshagen i Ryfylke på vegane av reisemåla gjennom nettverket Nettverk for Destinasjonsleiing og Berkeraftig Reisemålsutvikling (NDBR), med Anita Svendheim som klyngeleiar.
  • Del av det nasjonale programmet Norwegian Innovation Clusters

Om klyngeprogrammet Norwegian Innovation Clusters

Klyngeprogrammet er eit nasjonalt samarbeid mellom Innovasjon Noreg, Siva og Noregs forskingsråd. Målet er å styrkje samarbeid og innovasjon i norsk næringsliv ved å støtte utvikling av næringsklynger der bedrifter, forsking og offentlege aktørar samarbeider om felles utfordringar og moglegheiter. Programmet tilbyrfinansiering, rådgiving, nettverk og internasjonal posisjonering for å skape vekst, grønn omstilling og verdiskaping i framtidas næringsliv.

Fleire aktueltsaker

Berekraftsprisen 2023
Tromsø, Nesbyen og Lysefjorden gjekk av med destinasjonane sin eigen berekraftspris for 2023!
tittel på prisen
Nettverkssamling 2024
Den 13.-14. mars samla nettverket NDBR seg til årets nettverkssamling - denne gongen i den europeiske kulturhovudstaden Bodø!
bilde av gruppearbeid i konferanserom
Pressemelding: Det lokale reiselivet har samla seg!
Førti reisemål frå Svalbard i nord til Lindesnes i sør har samla seg å løfte og løyse utfordringar knytt til utviklinga av eit berekraftig reiseliv.
Foto: Ellen Bye
Utspel SSB: endring i gjestedøgn- og sysselsettingstal
Nettverk NDBR sendte eit felles innspel til SSB i februar 2024 påfølgjande endring i rapportering på gjestedøgn og sysselsettingstal på kommune-nivå.
Foto: SSB
Innspel til FoI-strategien 2023
Nettverket NDBR sendte inn eit felles innspel til til «Reiseliv2030»: Den nye forsking- og innovasjonsstrategien i oktober 2023.
Foto: Regjeringen
Innspel til NOU 23:10
Nettverket NDBR sendte inn eit felles høyringsinnspel til NOU23:10 "Leve og oppleve – reisemål for en berekraftig fremtid" i juni 2023.
Framsidebilde til NOU23:10
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.