animasjonsfigurar av ulike personas knytt til vertskapsrolla
Foto: Anunatak
5.3.2025

Totalt 18 reisemål lanserer felles kurs- og kompetanseportal!

Gjennom to år skal dei samarbeide om å etablere BerekraftsAkademiet: landet sin fremste kurs- og kompetansebank for berekraftig reisemålsutvikling!

Vertskapet er norske reisemål sitt andlet utad i møte med norske og internasjonale turistar. Kunnskapen til desse vertane, anten dei arbeider i tradisjonelle reiselivsbedrifter, i handelsnæringa, frivilligheta, hjå kommunen eller hjå andre, er difor avgjerande for å sikre gode gjesteopplevingar, høgast mogleg lokal verdiskaping for lokalt næringsliv og god besøksstyring.

I ei tid der krav og behov for kunnskap er stadig høgare er det avgjerande å sikre at denne informasjonen kjem ut til personar i ei vertskapsrolle på deira premiss, på ein lett tilgjengeleg måte og i ei form som gjer det mogleg å gjennomføre i ein travel kvardag.

For 2025-26 har 18 reisemål på tvers av landet gått saman for å etablere ein felles digital kurs- og kompetansebank, der ein samlar ressursar og kunnskap for å skape informasjon av høgast mogleg kvalitet for vertskapet på norske reisemål. Her har en henta inn nokre av landet sine fremste fagmiljø på område som "det gode vertskap", "tilgjengeleg reiseliv", "norsk natur og kultur" og "norsk reiseliv" for å skape felles kurs. I tillegg kan reisemåla utvikle eigne lokale kurs.

BerekraftsAkademiet nyttar Motimate som e-læringsplattform, noko som gjera at kursa enkelt kan bli tatt via ein app på mobilen, der ein også får varsel kvar gong det er nytt innhald tilgjengeleg. Kvart kurs tek omlag 10-15 minutt, slik at dei lett kan gjennomførast i ledige tider. Det er også enkelt å oppdatere, dele og utvikle innhald på tvers for ulike aktørar som nyttar same plattformen.

Reisemåla som er med på piloten er: Lindesnes, Bergen, Hallingdal, Svalbard, Øst-Norge, Valdres, Vest-Telemark, Rjukan, Nordfjord, Akershus, Norefjell, Fjordkysten & Sunnfjord, Jotunheimen, Lyngenfjord, Voss, Kirkenes/Alta og Suldal.

Vil du vite meir om BerekraftsAkademiet? Ta kontakt med ditt reisemål for meir informasjon!

Fleire aktueltsaker

Nettverkssamling 2024
Den 13.-14. mars samla nettverket NDBR seg til årets nettverkssamling - denne gongen i den europeiske kulturhovudstaden Bodø!
bilde av gruppearbeid i konferanserom
Pressemelding: Det lokale reiselivet har samla seg!
Førti reisemål frå Svalbard i nord til Lindesnes i sør har samla seg å løfte og løyse utfordringar knytt til utviklinga av eit berekraftig reiseliv.
Foto: Ellen Bye
Utspel SSB: endring i gjestedøgn- og sysselsettingstal
Nettverk NDBR sendte eit felles innspel til SSB i februar 2024 påfølgjande endring i rapportering på gjestedøgn og sysselsettingstal på kommune-nivå.
Foto: SSB
Innspel til FoI-strategien 2023
Nettverket NDBR sendte inn eit felles innspel til til «Reiseliv2030»: Den nye forsking- og innovasjonsstrategien i oktober 2023.
Foto: Regjeringen
Innspel til NOU 23:10
Nettverket NDBR sendte inn eit felles høyringsinnspel til NOU23:10 "Leve og oppleve – reisemål for en berekraftig fremtid" i juni 2023.
Framsidebilde til NOU23:10
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.