Først med å finne løysingane for framtida si reiselivsnæring

Kvinne på fjelltopp i solnedgong
Foto: Espen E. Søreng

Berekraftsnettverket NDBR

Nettverk for Destinasjonsleiing og Berekraftig Reisemålsutvikling ("NDBR") er eit nasjonalt nettverk for alle reisemåla i Noreg som har forplikta seg til ei berekraftig utvikling gjennom Merkeordninga «Berekraftig Reisemål». Gjennom nettverket arbeider reisemåla for å vera først med løysingane for framtida sitt reiseliv.

Bli medlem

Aktuelt

Over 60 organisasjonar har signert KommunikasjonsLøftet!
I mai 2025 lanserte NDBR og Innovasjon Norge eit KommunikasjonsLøfte, som er ei felles retning for korleis ein kommuniserer norske reisemål.
bilde av logoar til organisasjonane
300 deltok på VertsKommunen 2025
Den 4. november blei VertsKommunen-konferansen 2025 arrangert, med over 300 påmeldte frå heile landet.
Deltakarar i studio
Norwegian Travel Cluster blir del av Noregs klyngeprogram
Reisemåla i NDBR sitt samarbeid blei i førre veke tatt opp som landet si einaste reiselivsklynge, under namnet Norwegian Travel Cluster.
Bilde av folk framfore pressevegg
Sjå alle saker
Bilete av skodespelarar i kostyme
Foto: vandrefilm

Å løfte og løyse det lokale reiselivsarbeidet

Reiselivsnæringa er Noreg si femte største eksportnæring, og bidreg til arbeidsplassar og verdiskaping over heile landet. Reiselivsproduktet blir ikkje sendt ut av landet, men må opplevast på staden med tett tilknytning til lokalsamfunn, natur og miljø. Det lokale reiselivsarbeidet, som vårt nettverk representerer, er difor kjernen til å lukkast med dei måla Noreg har sett seg for reiselivet.

Les meir om oss

Ein felles melodi frå Svalbard i nord til Lindesnes i sør

Omstillinga som det lokale reiselivet møter er så samansette og komplekse at eit reisemål ikkje vil kunne løyse dei åleine. Gjennom NDBR bygger me felles nasjonal kompetanse og samordnar ressursar for å kunne arbeide med dei moglegheitene og utfordringane som er større enn kvar enkelt av oss. Alle reisemål som er forplikta til merkeordninga "Berekraftig Reisemål" er inviterte inn i nettverket som medlem.

Gå til medlemsida
Veg gjennom vinterlandskap
Foto: Espen E. Søreng

Nokre av våre medlemmer

Sjå alle ›
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.