Over 60 organisasjonar har signert KommunikasjonsLøftet!
I mai 2025 lanserte NDBR og Innovasjon Norge eit KommunikasjonsLøfte, som er ei felles retning for korleis ein kommuniserer norske reisemål.
KommunikasjonsLøftet består av til saman 9 hovudprinsipp, med underpunkter, som konkretiserer korleis ein kommuniserer norske reisemål på ein måte som bygger opp om eit ansvarleg reiseliv med auka lokal verdiskaping per gjest, god besøksstyring og eit reiseliv som bidreg til vern av lokalsamfunnet sine interesser. Løftet er ikkje ein "quick fix", men set ei langsiktig, felles, nasjonal retning, som blir støtta opp om med ytterlegare lokale retningslinjer ved behov.
Ved utgangen av 2025 hadde over 60 organisasjonar signert KommunikasjonsLøftet, med reisemål, reiselivsbedrifter, interesseorganisasjonar og andre.
KommunikasjonsLøftet inneheld også ei verktøykasse med ytterlegare føringar for ansvarleg kommunikasjon og inspirasjon (nedst på sida).
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.