bilde av framsidebilde på rapport
Foto: Regjeringen
20.9.2024

Innspel til vegkart for reiselivsnæringa 2024

Nettverket NDBR sendte eit felles innspel til vegkartet for reiselivsnæringa lansert i februar 2024.

Reiselivet i Noreg er ei av Noregs viktigaste framtidsnæringar, både som ei av landet sine viktigaste, grøne eksportnæringar og som ei næring som bidreg til å sikre verdiskaping, arbeidsplassar og stadutvikling over heile landet. I vegkartet lansert av Regjeringa i februar2024 står det: «Regjeringens ambisjon for reiselivsnæringen er at den skal være konkurransedyktig, ha lavt klima og miljøavtrykk, skape verdier og tilby attraktive reisemål over hele landet». Nettverket er samd i ambisjonane som er sett, men ser likevel at dei viktigaste strategiske verktøya reisemåla har i arbeidet mot å nå desse ambisjonane ikkje er tydeleg løfta fram.

Innspela til Nettverket er oppsummert som følgjer:

  • Merkeordninga «Berekraftig Reisemål» er det einaste og viktigaste verktøyet ein har tilgjengeleg for å arbeide strategisk og heilskapleg med ei konkurransedyktig og berekraftig utvikling av reisemåla.
  • Merkeordninga «Berekraftig Reisemål» set i dag  premissa og sjølve grunnlaget for utviklinga av reiselivsnæringa i og på tvers av reisemål over heile landet.
  • Nasjonale strategiar og planar må bli følgt opp med felles, nasjonale økonomiske verkemiddel som legg til rette for, i staden for å hemme, langsiktig og heilskapleg arbeid for berekraftig utvikling av reiselivsnæringa.

Fleire aktueltsaker

Innspel til FoI-strategien 2023
Nettverket NDBR sendte inn eit felles innspel til til «Reiseliv2030»: Den nye forsking- og innovasjonsstrategien i oktober 2023.
Foto: Regjeringen
Innspel til NOU 23:10
Nettverket NDBR sendte inn eit felles høyringsinnspel til NOU23:10 "Leve og oppleve – reisemål for en berekraftig fremtid" i juni 2023.
Framsidebilde til NOU23:10
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.