fire personar i studio for livesending
Foto: Privat
5.12.2024

Over 500 påmeldte til årets VertsKommunen 2024!

Den 12. november arrangerte NDBR den første og største nasjonale konferansen for destinasjonsleiing!

Fleire og fleire destinasjonar over heile landet har tatt grepet med å tenke heilskapleg rundt reisemålsutviklinga, ved å setje det inn i eit samfunnsperspektiv. I dette arbeidet er brei og god forankring viktig, der ein involverer reiseliv, øvrig næringsliv, lokalbefolkning, frivilligheita, kommune, fylkeskommune og organisasjonsliv - gjerne i form av ei destinasjonsleiing/reisemålsleiing. Desse løysingane skal vera skreddarsydde for kvart enkelt reisemål, samtidig som me har mykje å læra på tvers av det nybrotsarbeidet som no skjer på tvers av heile landet, noko som var utgangspunktet for at NDBR med sine 43 destinasjonar sto samla i å arrangere landets første nasjonale konferanse for destinasjonsleiing og heilskapleg utvikling av det lokale reiselivet: VertsKommunen!

Til saman var det omlag 500 påmeldte til konferansen der omlag 300 maskinar ved med seg LIVE-sendinga frå BestEvents sitt studio i Oslo med Erling Løfsnes frå Lindesnes, Moa-Maria Kerro frå Svalbard, Nikoline Halvorsen frå Vestfold og Anita Svendheim som prosjektleiar for NDBR. Her presenterte næringsminister Cecilie Myrseth, Elisabeth Svanholm Meyer, divisjonsdirektør for reiseliv og spesialoppdrag i Innovasjon Norge, og Kristin Krohn Devold, administrerande direktør i NHO Reiseliv, dei overordna nasjonale satsingane for reiselivet i landet, og korleis dette er kopla opp mot det lokale arbeidet på reisemåla. Vidare delte Ingunn Sørnes, spesialrådgjevar i Innovasjon Norge, og destinasjonsleiinga i Valdres sine perspektiv og erfaringar med forankring, organisering og arbeid i destinasjonsleiinga. Like etter presenterte Britt Dalland, seniorrådgjevar i Vestland fylkeskommune, frå deira fellessatsing på besøksforvaltning. Her delte Rauma, Arendal og Svalbard sine perspektiv på god besøksforvaltning gjennom utvalde reels.

Vidare kunne deltakarane fordjupe seg i temabaserte spor innanfor fritidsbustadar , tilgjengeleg reiseliv, transport og mobilitet og cruise. Tusen takk til Hvaler, rekreasjonsklynga, Trysil, Lindesnes, AccessTour, Skien Aktivitetspark, Site 4.0, Norefjell, Svalbard, Hammerfest og Kristiansand som delte sine erfaringar! Samlinga oppsummerte med prinsipp for ansvarleg marknadsføring for reisemålet og lokalsamfunna og ei ti punkts tiltaksliste for korleis ein kjem i gong med å nytte reiselivet som samfunnsutviklar i lokalsamfunna.

Tusen takk til alle som deltok og delte frå sine erfaringar frå heile landet. Me ser fram mot nytt møtepunkt til neste år.

Fleire aktueltsaker

ReiselivsForum for campingnæringa: Frå synlegheit til sal!
Den 1. april inviterer reisemåla i NDBR inn til felles webinar for campingnæringa med informasjon, inspirasjon og praktiske tips og triks.
illustrasjon av seminartittel
ReiselivsForum for campingnæringa: Bli synleg på nett!
Den 25. mars inviterer reisemåla i NDBR inn til felles webinar for campingnæringa med informasjon, inspirasjon og praktiske tips og triks.
illustrasjon av seminartittel
Totalt 18 reisemål lanserer felles kurs- og kompetanseportal!
Gjennom to år skal dei samarbeide om å etablere BerekraftsAkademiet: landet sin fremste kurs- og kompetansebank for berekraftig reisemålsutvikling!
animasjonsfigurar av ulike personas knytt til vertskapsrolla
Norske reisemål samlar seg i møte med ny teknologi og KI!
Den 19. februar samla reisemål frå heile Noreg seg. Målet var å sjå korleis reisemåla kan stå styrkja saman i møte med ny teknologi og KI.
konferanserom med deltakarar
Vertskommunen: Korleis bygge framtidas reisemål?
Den 12. november inviterer NDBR inn til ein digital konferanse der ein tek tempen på satsingane som skapar framtidas reisemål.
tittel på konferansen
NDBR møter næringsminister Cecilie Myrseth
Nettverket NDBR løfta fram sine innspel til regjeringa si satsing på norsk reiseliv i møte på næringsministeren sitt kontor den 29. august.
Bilde av gruppe menneske
Innspel til vegkart for reiselivsnæringa 2024
Nettverket NDBR sendte eit felles innspel til vegkartet for reiselivsnæringa lansert i februar 2024.
bilde av framsidebilde på rapport
Berekraftsprisen 2023
Tromsø, Nesbyen og Lysefjorden gjekk av med destinasjonane sin eigen berekraftspris for 2023!
tittel på prisen
Nettverkssamling 2024
Den 13.-14. mars samla nettverket NDBR seg til årets nettverkssamling - denne gongen i den europeiske kulturhovudstaden Bodø!
bilde av gruppearbeid i konferanserom
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.