personar med funksjonsnedsettingar som er klare for tur med SUP-brett
© Sunnasstiftelsen
3.7.2025

AccessNorway - saman for eit meir tilgjengeleg reiseliv

I eit samarbeid med Sunnasstiftelsen og Inklu - Beitostølen samlar reisemåla i NDBR seg for eit felles løft for eit meir tilgjengeleg reiseliv.

‍Å arbeide for eit meir tilgjengeleg reiseliv er god business for norske reiselivsbedrifter, i tillegg til at det skapar betre lokalsamfunn for alle. Ein av fem vil oppleve ei midlertidig eller permanent funksjonsnedsetting i løpet av livet, og i møte med aldrande befolkning i Noreg og Europa vil dette behovet berre auke. Visste du at gjester med funksjonsnedsettingar bruker opp til 30% meir pengar per reise, og at auka tilgjengelegheit samla vil kunne gi opp mot 630,000 ekstra gjestedøgn i landet?

‍Å koma i gong med tilgjengelegheit kan verka krevjande, der ein gjerne ser føre seg større fysiske utskiftningar og ombygging. Sjølv om dette er ein del av arbeidet med tilgjengelegheit, betyr det ikkje at dette er einaste måte å koma i gong på. Gjennom små, konkrete tiltak over tid vil bedrifter og reisemål over tid kunne utvikle seg til å bli meir tilgjengelege, med utgangspunkt i kva moglegheiter og ressursar kvar enkelt har. Alle kan difor koma i gong med tiltak for å bli meir tilgjengelege, uansett utgangspunkt!

For å gjera det enklare å koma i gong og for at brukaren skal få meir stømlinjeforma informasjon har NDBR, Sunnasstiftelsen og Inklu-Beitostølen inngått eit samarbeid. Her ønskjer ein å ta utgangspunkt i reisemål og reiselivsbedrifter sitt arbeid med å bli meir tilgjengelege, for å skape ein felles nasjonal standard for korleis ein arbeider med og kommuniserer tilgjengelegheit i norsk reiseliv. Prosjektet fekk tilskot av BUFDIR våren 2025, der ein i løpet av året vil lansere ein felles verktøykasse med namn "AccessNorway", som inkluderer:

  • Mal for digital tilgjengelegheitsguide på reisemålsnivå, for at reisemåla skal kunne gi lik informasjon på tvers av landet sine "Visit"-sider
  • Prosessverktøy for reisemåla, med konkrete og enkle skritt til korleis dei kan jobbe med å bli meir tilgjengeleg
  • Prosessverktøy for reiselivsbedriftene, med konkrete og enkle skritt til korleis dei kan jobbe med å bli meir tilgjengeleg
  • Felles symbol for produktbeskrivingar i reiselivet, der produktet er beskrive etter ein felles minimumsstandard for tilgjengelegheit
  • Kurs for vertskap og bedriftseigarar i NDBR sin kurs- og kompetanseplattform "BerekraftsAkademiet"

Arbeidet vil bli utvikla saman med brukargruppe frå Sunnasstiftelsen, Inklu-prosjektet på Beitostølen (Valdres) og Innovasjon Norge/Visit Norway.

Har du innspel til arbeidet? Me høyrer gjerne frå deg!

Fleire aktueltsaker

Vertskommunen: Korleis bygge framtidas reisemål?
Den 12. november inviterer NDBR inn til ein digital konferanse der ein tek tempen på satsingane som skapar framtidas reisemål.
tittel på konferansen
NDBR møter næringsminister Cecilie Myrseth
Nettverket NDBR løfta fram sine innspel til regjeringa si satsing på norsk reiseliv i møte på næringsministeren sitt kontor den 29. august.
Bilde av gruppe menneske
Innspel til vegkart for reiselivsnæringa 2024
Nettverket NDBR sendte eit felles innspel til vegkartet for reiselivsnæringa lansert i februar 2024.
bilde av framsidebilde på rapport
Berekraftsprisen 2023
Tromsø, Nesbyen og Lysefjorden gjekk av med destinasjonane sin eigen berekraftspris for 2023!
tittel på prisen
Nettverkssamling 2024
Den 13.-14. mars samla nettverket NDBR seg til årets nettverkssamling - denne gongen i den europeiske kulturhovudstaden Bodø!
bilde av gruppearbeid i konferanserom
Pressemelding: Det lokale reiselivet har samla seg!
Førti reisemål frå Svalbard i nord til Lindesnes i sør har samla seg å løfte og løyse utfordringar knytt til utviklinga av eit berekraftig reiseliv.
Foto: Ellen Bye
Utspel SSB: endring i gjestedøgn- og sysselsettingstal
Nettverk NDBR sendte eit felles innspel til SSB i februar 2024 påfølgjande endring i rapportering på gjestedøgn og sysselsettingstal på kommune-nivå.
Foto: SSB
Innspel til FoI-strategien 2023
Nettverket NDBR sendte inn eit felles innspel til til «Reiseliv2030»: Den nye forsking- og innovasjonsstrategien i oktober 2023.
Foto: Regjeringen
Innspel til NOU 23:10
Nettverket NDBR sendte inn eit felles høyringsinnspel til NOU23:10 "Leve og oppleve – reisemål for en berekraftig fremtid" i juni 2023.
Framsidebilde til NOU23:10
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.