I eit samarbeid med Sunnasstiftelsen og Inklu - Beitostølen samlar reisemåla i NDBR seg for eit felles løft for eit meir tilgjengeleg reiseliv.
Å koma i gong med tilgjengelegheit kan verka krevjande, der ein gjerne ser føre seg større fysiske utskiftningar og ombygging. Sjølv om dette er ein del av arbeidet med tilgjengelegheit, betyr det ikkje at dette er einaste måte å koma i gong på. Gjennom små, konkrete tiltak over tid vil bedrifter og reisemål over tid kunne utvikle seg til å bli meir tilgjengelege, med utgangspunkt i kva moglegheiter og ressursar kvar enkelt har. Alle kan difor koma i gong med tiltak for å bli meir tilgjengelege, uansett utgangspunkt!
For å gjera det enklare å koma i gong og for at brukaren skal få meir stømlinjeforma informasjon har NDBR, Sunnasstiftelsen og Inklu-Beitostølen inngått eit samarbeid. Her ønskjer ein å ta utgangspunkt i reisemål og reiselivsbedrifter sitt arbeid med å bli meir tilgjengelege, for å skape ein felles nasjonal standard for korleis ein arbeider med og kommuniserer tilgjengelegheit i norsk reiseliv. Prosjektet fekk tilskot av BUFDIR våren 2025, der ein i løpet av året vil lansere ein felles verktøykasse med namn "AccessNorway", som inkluderer:
Arbeidet vil bli utvikla saman med brukargruppe frå Sunnasstiftelsen, Inklu-prosjektet på Beitostølen (Valdres) og Innovasjon Norge/Visit Norway.
Har du innspel til arbeidet? Me høyrer gjerne frå deg!