Valdres/Beitostølen, Alta og Bergen vann destinasjonane sin eigen berekraftspris for 2024!
Valdres, med Beitostølen i spissen, ønskjer å ta ein posisjon som nasjonal pilot for eit meir inkluderande og tilgjengeleg reiseliv. Satsinga har fått namnet INKLU Valdres. Gjennom prosjektet skal det arbeidast med å utvikle nye standardar og verktøy innan tilgjengeleg reiseliv samt framheva verdien av tilgjengelegheit og tilrettelegging for alle som eit strategisk konkurransefortrinn. Ei pilotgruppe på 9 aktørar er no valt ut for kartlegging, testing og vidareutvikling av tiltak. Det skal òg etablerast ei referansegruppe for å sikra brei involvering og kvalitetssikring. Styringsgruppa består av Øystre Slidre kommune, Beitostølen Helsesportsenter, Valdres Natur- og Kulturpark og Beitostølen Utvikling. Elisa Sevilla Ulfsted er prosjektleiar. Prosjektet er finansiert av Øystre Slidre kommune og Innlandet fylkeskommune.
"Approved by Visit Alta" er eit merke som viser at verksemder forpliktar seg til å levera berekraftige og høgkvalitetsprodukt og -tenester, samstundes som dei respekterer naturen og kulturen i Alta. Å velja bedrifter som er "Approved by Visit Alta" betyr å støtta lokale aktørar som samarbeider for å sikra ansvarleg utvikling og støttar opp om merkevara "This is Arctic Living". "Approved by Visit Alta" sikrar at bedrifter følgjer etiske retningslinjer, bidreg til miljøvennlege løysingar, og opprettheld ein sterk forplikting til Altas verdiar: Samla. Truverdig. Kvalitetsbevisst.
Gjennom å utvida ein rømingstunnel, som uansett skulle byggjast til Bybanen linje 2, til å dimensjonerast for sykkel og gange, har ein skapt ein heilt ny korridor for mjuk mobilitet frå ein av bydelane i Bergen og til sentrum. Fyllingsdaltunnelen, som er verdas lengste i sitt slag, har vorte eit svært populært tilskot for byens innbyggjarar, som no kan sykla og springa tørt under fjellet Løvstakken heile året og uansett vêr. Den internasjonale interessa for sykkel- og gangtunnelen er òg stor, og tunnelen tiltrekkjer besøkjande frå heile verda. Mange er imponerte over at det er bygd ein nesten 3 km lang tunnel berre for gåande og syklande. Sidan tunnelen òg ligg litt utanfor sentrum, kan ein sykkeltur til Fyllingsdaltunnelen òg vera eit positivt bidrag til besøksutjamning.
Inspirert av tiltaka? Ta gjerne kontakt med reisemåla for meir informasjon!